søndag 2. mars 2014

Bokomtale: Fuck off I love you

Fyrst av alt må eg seie at tittelen på denne boka ligg langt utanfor den språklege komfortsona mi.
Men eg hadde høyrt mykje bra om boka, så eg hadde lyst til å lese ho. Boka er og nominert til Uprisen 2013.
Fuck off I love you er ein ungdomsroman og rasisme, val og konsekvensar av Lærs Mæhle

Dette står bak på boka:
Vemund er ein tilsynelatande vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor?

Leiaren i gruppa, Jokeren, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle vesentlege veival med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond …

Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre liva våre? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

Men boka er også ei forteljing om kjærleik, om familie og vener – og om å prøve å finne fast grunn under føtene.

Fuck off I love you byrjar med slutten, og det er ein enormt god effekt, for gjennom heile boka sat eg og sa "nei, Vemund". Det knytte seg i magen for kvart dårleg val han tok. Eg visste frå fyrste setning eg las at det ikkje kom til å gå bra.

Eg meinar at dette er ei viktig bok for ungdom å lese. Sjølv om dei aller fleste ikkje vil havne i ein så alvorleg situasjon som Vemund, så viser boka på ein utmerkt måte at vala vi tar - valfridomen vår - kan få enormt store konsekvensar, og at rekkevidda av desse konsekvensane kan vere uante. Eg trur og at romanen treff ungdommar godt, både i tematikk, språk (då tenkar eg på ungdomsspråk, og ikkje nynorsk!) Boka er og lettlest - må vere ei gåve til lærarar: Fuck off I love you er fullspekka med skulerelevant stoff: Nynorsk, moral og etikk, rasisme, val, venskap, familie og truskap, både til seg sjølv og andre. Å vere ungdom er ingen leik, det er det ingen tvil om. Vil du ha hjelp til å bli bevisst deg sjølv? Les Fuck off I love you! Anbefalst, off course!

P.s. Til de som framleis let dykk skremma av språkbruken i tittelen: Det er knapt eit einaste bannord i boka!)

4 kommentarer:

  1. Jeg har nettopp fått øynene opp for Lars. Leste Den mørke porten, som jeg ga en 6`er, så den falt i smak (selv om jeg har en mental sperre på nynorsk) Takk for flott omtale, og betryggende forsikring om at boken ikke er fylt med banning :) Ha en super uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg går også og venter på bok nummer to om Ina Grieg! Enjoy :)

      Slett
  2. Jeg er helt enig i at dette er en viktig bok, men jeg var nok ikke like begeistret for historien som du :) Her er min anmeldelse av boka.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, jeg syns jo dette var en nokså nøktern omtale, men om du har en veldig vid forståelse av ordet "begeistret", så var jeg begeistret ... Men likte boka: Ja :)

      Slett

Jeg setter stor pris på at DU legger igjen en hilsen i bloggen min! Tusen takk!!! Og med ønske om en glitrende glad dag til deg :))