torsdag 29. august 2013

Bokomtale: Den mørke porten

Foto: Samlaget
Eg har lese Den mørke porten av Lars Mæhle. Denne boka fekk eg veldig lyst til å lesa etter den gode omtalen til Mai Lene. Les omtalen hennar, for han er svært god! Geir har òg skrive ein god omtale.

Samlaget skriv dette på heimesida si:
Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne.
Den mørke porten er Lars Mæhles krimdebut. Boka er velskriven, og det er herleg annleis å lesa krim på nynorsk. Boka er lettlest, men samstundes kløktig. Krimhistoria er original i den forstand at det er ein psykolog som er hovudpersonen. Likevel må eg seia at på mange måtar var og boka lett å gjennomskoda.Allereie fyrste møte med mordaren rekna eg med at det var han/ho. 

Boka er skriven i fleire perspektiv. Me får sjå det frå dei drepne si vinkel og frå mordaren sitt perspektiv. Sjølve etterforskinga er skriven i tredje person. Som lesare vert me då nesten allvitande. På mange måtar "rettferdiggjer" det at me klarar tidleg å gjennomskoda historia. Samstundes er det fleire bitar i det store puslespelet som ikkje vert lagt på plass før boka er slutt, og det gjer at boka likevel er spanande frå byrjing til slutt.

I åpninga får me lesa om Heggvik, som veit at han er på veg til å møta mordaren sin. Me veit kva som har skjedd, og me skjønar fort at dette drapet er eit resultat av ei tidlegare hendig, og at det er eit drap i ei rekke av fleire andre uoppklarte drap. Kva var det eigentleg som skjedde? 

Ina Grieg, som er psykologen som får bistå politiet i etterforskinga, er ein spanande karakter. Ho er truverdig, sjølv eg på mange måtar ikkje likar ho. Men det handlar vel meir om at eg ikkje trur me hadde blitt bestevenninner. Ho er veldig forskjellig frå meg, og nok og eit stykke frå å vera slik eg meinar at ein psykolog bør vera. Og så skal eg vera så ærleg å seia at det er enkelte sider hjå henne som eg ynskjer eg ikkje skulle ha kjent meg så godt igjen i ...

Den mørke porten er på ein måte meir enn ein kriminalroman. Boka tangerer ein del psykologiske aspekt, som gjer at historia, ikkje berre får ei større dybde, men òg at historia vert truverdig. Som lesar sit eg òg igjen med ei kjensla av at boka har rørt ved meg. Eg har blitt utfordra!

Ja, eg vil lesa meir av Lars Mæhle, 
og eg vil bli betre kjent med Ina Grieg! 
Klart eg anbefaler boka!


1 kommentar:

  1. Veldig flott omtale. Eg hadde ikkje peiling på kven som hadde gjort, rett og slett fordi eg hadde lese at andre forstod det med ein gong og eg difor ikkje ville spekulere i det, i frykt for å finne det for tidleg :) Takk for linken forresten! Ha ein super fredag :D

    SvarSlett

Jeg setter stor pris på at DU legger igjen en hilsen i bloggen min! Tusen takk!!! Og med ønske om en glitrende glad dag til deg :))