søndag 23. februar 2014

Smakebit på søndag: Fugletribunalet

Det har vore ein nydeleg sundag; regnfull og forblåsen - men når dagen inneheld god gudsteneste, latterfull leik og god bok, ja då blir det ikkje anna enn nydeleg! Biskop Erling Pettersen snakka i dag om kordan Kristi nærvær kan forvandle både liv og død, om me let han. Boka eg les no, Fugletribunalet av Agnes Ravatn, har på sett og vis den same bodskapen: Om me vågar å vere nær kvarandre, om me vågar å slippe frykten, først då kan forandring skje.


"Eg hadde alltid tenkt om meg sjølv at dersom eg nokon gong blei galen, ville eg likevel ikkje bli ein slik person som gjekk rundt i gatene og snakka høgt til meg sjølv, for eg ville ikkje hatt noko å seie. Men her, i denne stillheita, med hendene i den kalde, fuktige jorda eller trillande på daude greiner, bobla eg over av indre snikksnakk, endelause samtalar med meg sjølv, andre gonger innbilte dialogar mellom meg og andre, eg diskuterte og argumenterte i timevis om gongen. Eg tapte alle mine indre diskusjonar. Lytta meir til innbilte meiningsmotstandarar enn til meg sjølv, deira argument vog alltid tyngst. Andre folk var alltid meir til å stole på enn eg."


Det er ei sår og vakker bok. Og det er så riktig at ho er skriven på nynorsk!
Eg er snart ferdig å lese Fugletribunalet, men omtalen kjem ikkje før i mars, då det er samlesing i forbinding med Bokbloggerprisen, som boka er nominert til.
Besøk Mari for fleire smakebitar! God sundag!

9 kommentarer:

  1. Takk for smaksprøven! Jeg har lyst til å lese denne, men vet ikke om jeg får kjøpt meg den før mars, så vi får se om jeg får vært med på bokbloggpris-felleslesningen.

    SvarSlett
  2. Takk for påminnelsen! Har god lyst å lese denne.

    SvarSlett
  3. Vilket fint omslag! Tack för smakbiten.

    SvarSlett
  4. Dette er en kjempefin bok, kos deg.:)

    SvarSlett
  5. Som deg har jeg akkurat lest denne og får velnprøve meg på en liten omtale i løpet av mars! Jeg har enda ikke konkludert med om jeg likte boka eller ikke! Den er veldig todelt syns jeg...
    Ønsker deg ei fin uke!

    SvarSlett
  6. Denne boken har jeg lyst til å lese, og skal forsøke å få gjort det i forbindelse med Bokbloggerprisen. Takk for smakebiten :)

    SvarSlett
  7. Kos deg med boken Pia :-)

    SvarSlett

Jeg setter stor pris på at DU legger igjen en hilsen i bloggen min! Tusen takk!!! Og med ønske om en glitrende glad dag til deg :))