Det er onsdag og påskeferie, og sjølvsagt må krimelskaren Bokbloggeir utfordre oss til å skrive om god påskekrim i den niande utgåva av Mitt tematips. Denne utfordringa går ut på å hente fram eit gamalt, blogginnlegg som passar til det aktuelle temaet. Sjølvsagt kan du og skrive eit heilt nytt innlegg. Besøk Bokbloggeir og få tips frå fleire bokglade bokbloggarar til god påskelektyre. Om du leitar litt på bokbloggeir sin blogg, vil du finne fleire kriminelt gode bokomtalar - anbefalast!
Ei bok eg synest passar godt til å lese i påsken, er Anger av Arnaldur Indri∂ason. Denne boka las eg i fjor vår, og eg var fanga! Dette var bok med mange spennande folk og intrikate hendingar. Sjølv om eg hadde startproblemer med boka, trur eg det handla meir om meg enn om kvaliteten på boka. Fyrste gong eg byrja på boka, var eg på hentereise i Korea, og hadde nok tankane på heilt andre ting enn islandsk krim. Og andre gongen var eg nok prega av eg syntest det var trått å lese i boka fyrste gongen ... Heldigvis er eg laga slik at eg likar best å fullføre alle bøker, uansett kva en synest om dei. For elles hadde eg gått glipp av ei av dei beste krimbøkene eg har lese!
Så om du er nysgjerrig på denne boka, så les gjerne omtalen min her. Legg gjerne igjen ein hilsen. Det er alltid kjekt med tilbakemeldingar. Har du lese boka? Likte du boka?
No går me inn i den stille veka! Eg ynskjer deg mange velsigna gode dagar! Ta vare på det som er godt i livet ditt!
Husbonden er veldig begeistret for disse bøkene, men jeg har ikke prøvd meg på dem enda. Har en forestilling om at de er litt for "mørke" for min smak, men det kan jo hende jeg tar feil :)
SvarSlettDenne ventar hos meg. Eg har lese dei seks første bøkene, men ikkje Irrganger, Anger og Hjemstavn, og eg likte iallefall dei andre bøkene godt. Lag ei strålande påske vidare :-)
SvarSlett