torsdag 29. august 2013

Kva las du no?


Nynorsk er vakkert!
Då eg byrja på skulen då eg var lita, heitte den fyrste leseboka mi "Kva las du no?" Då vi flytta til Stavanger blei hovudmålet mitt bokmål, og det har eg alltid syntes har vore trist. Eg har aldri slutta å vera glad i nynorsk. Og når eg veit at mange vel bort nynorske bøker, sjølv om det er kvalitetslitteratur, så tenkte eg å slå eit slag for dei  nynorske bøkene  med å synleggjere dei betre på bloggen min. Og så vonar eg at det skal gjera meg òg meir bevisst på å velja nynorsk litteratur. 

Desse bøkene har eg lese:
1. Nesten frelst av Sigvart Dagsland av Olaug Nilssen
2. Den mørke porten av Lars Mæhle
3. Fugletribunalet av Agnes Ravatn
4. Fuck off I love you av Lars Mæhle 
5. Veke 53 av Agnes Ravatn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Jeg setter stor pris på at DU legger igjen en hilsen i bloggen min! Tusen takk!!! Og med ønske om en glitrende glad dag til deg :))