I år skal for fyrste gong
Bokbloggerprisen delast ut. Då eg høyrde om prisen fyrste gong, tenkte eg at det var ein fin ting. Og at det var fint at eg ikkje trong å delta. Og det tenkte eg lenge. Då kortlista kom, og alle bokbloggarane begynte å snakka om samlesing, så tenkte eg: Så fint for dei! For endå var det ikkje noko for meg. Det var berre ei av bøkene på lista eg hadde lyst til å lese, og
Fugletribunalet av Agnes Ravatn var ikkje blant dei. Eg veit ikkje korfor eg enda med å låne både Fugl og
Fugletribunalet på biblioteket. Kanskje fordi ho berre låg der? No har eg lese begge, og er veldig, veldig glad for det!
Fugletribunalet er
Agnes Ravatn si andre bok. Hennar fyrste bok, Veke 53, blei gitt ut i 2007. Denne boka fekk ho Natt & Dags Bergenspris for.
Fugletribunalet fekk ho P2-lyttaranes romanpris for, og romanen er no og nominert til Bokbloggerprisen 2013.
"Eg drog pusten. Eit ansikt og ein kropp i føriåra ein stad, han såg ikkje ut til å vere det minste pleietrengande. Eg maskerte overraskinga med eit smil og tok nokre steg imot han. Han var grovbygd og mørk. Såg meg ikkje rett inn i augo, men forbi då han strekte ut neven."
Kva gjer ein når sorg, skyld og skam rammar? Me har vel kanskje alle forskjellige svar på det, men både Allis og Sigurd vel einsemda. Kan hende tilfeldig, kan hende ikkje - likefullt så endar Allis og Sigurd opp med å bu i same hus, tilbaketrekt frå omverda. Dei har av heilt forskjellige årsakar trekt seg tilbake frå samfunnet.
Då Allis flytta inn hos Sigurd, som gartnar og hushjelp, kjentes det som ho ikkje hadde anna val. Som om ho fortente å bu i lag med Sigurd. For sjølv om dei budde i same hus, hadde dei ingenting med kvarandre å gjera. Allis laga mat til Sigurd, og ho stod med kjøken benken medan han åt. Så åt ho etterpå. Ingen ord vart utveksla. Det er tydeleg at Allis var redd. Kven var denne mannen som sat heile dagen på arbeidsværelset sitt? Og kva gjorde han der?
"Normalt hadde eg ingenting imot stillheit, men no kjende eg meg nesten desperat. I hovudet mitt gjekk det ei ras av setningar eg hadde lyst til å seie til han, men ingen av dei var mulege. Eg hadde så lyst til at han skulle vere interessert i meg, at han ville vite meir om meg, han visste nesten ingenting om kven eg var. Det var blitt mørkt ute, men det regna ikkje lenger."
Langsamt ser me konturane av tragedie opne seg. Agnes Ravatn gjer eit vakkert og sårt bilde av to menneske som ber på skyld og skam. Dei har begge vald einsemda, for å gjera bot. Medan dei balanserar på lina mellom at dei treng kvarandre, og at dei fryktar kvarandre, malar Ravatn eit bilete av det vidunderelege som kan skje når to personar vågar å opne seg for kvarandre. Forsoning, er det mogleg?
"Til å
begynna med er begge to innstilt på å halda avstand til kvarandre. Men
snart utviklar historia seg til å bli eit erotisk ladd kammerspel av det
klassiske, mørke slaget. Allis blir fascinert av den tause, mystiske
arbeidsgivaren som ber på løyndomar ho må kjempa for å få innblikk i.
Alkoholen fløymer. Driftene pressar på. Uroa grip om seg. Dei
illevarslande teikna blir mange. Tragedien trugar."
Agnes Ravatn har skrive ein utruleg nær og intens roman. Forfattaren bruker eit "nakent" og enkelt språk. Setningane er korte. Ravatn seier ikkje meir enn ho må. Resten må me lesarar lesa mellom linene. For om språket er minimalistisk, så gjer det stort rom for ettertanke. Her er inga ord overlatt til tilfeldigheitene.
Historia blir og knytt opp mot norrøne myter. Dei dramatiske forteljingane gjer illevarslande teikn om at noko dramatisk er i emminga. Fugl kan og vere illevarslande teikn, og dei går, om enn stilltiande, gjennom boka som ein tynn, raud tråd. Fugletribunalet har sjølvsagt ein svært sentral plass, men det kan eg ikkje seie så meir om, utan å røpa for mykje
Gjennom heile romanen, kjente eg at det knytte seg i magen. Me fekk vita lite om Allis og Sigurd sine forhistorier, men det me fekk vita, ga stor gjenklang. Frå starten av boka låg det ei kjensle av noko dystert. Sjølv om Allis og Sigurd fekk eit stadig nærare forhold. Sjølv om håpet blei sterkare. Forsoninga klarare. Oppreisinga sterkare. Likefullt, så var det eit dystert bakteppe som fekk det til å knyta seg i magen hjå meg. Eg klarte ikkje å sleppa det. Boka greip meg!
Kasiopeiia skriver veldig fint om Fugletribunalet!